Festeavgift er regulert i gravferdslova og lokale kyrkjegardsvedtekter. Det er eit lovpålagt ansvar for kommunane, gjennom sokneråda, å ha ledige graver og å drifte kyrkjegardane.
Utdrag frå gravferdslov og lokale vedtekter:
- Ei grav er alltid freda i 20 år etter ho er teken i bruk.
- Ei grav kan berre festast av ein person.
- Alle som gravleggjast i Noreg har rett på kostnadsfri grav i 20 år, viss ein gravleggjast i den kommunen ein har budd i.
- Viss festar (etterletne) seier opp grava når 20 år har gått, kostar grava ingen ting. Ynskjer ein å feste ei grav utover desse 20 åra, betalast ei festeavgift. Festeavgift regulerast som andre avgifter i samfunnet (tilråding frå sokneråd, vedtak i kommunestyre).
- Festar kan reservere ei grav ved sida av ei grav som er teken i bruk. Til dømes veljer ofte enker eller enkemenn å nytte seg av dette. Føresetnad er at grava ikkje er i bruk. Når ein reserverer ei grav betalast det festeavgift, frå tidspunktet grava festast.
- Festar avgjer sjølv om det setjast opp gravstein på grava. Viss ein ynskjer å setje opp gravstein, er det festar sitt ansvar at gravstein og grava elles vert halden i hevd.
- Når eit feste opphøyrer, har festar høve til å ta bort gravstein frå grava. Gravsteinar som ikkje er tekne bort seks månader etter festet opphøyrer, vert tekne bort av Valle og Hylestad sokn.
- Den interkommunale attføringsbedrifta Setpro tilbyr gravstell (planting/vatning av blomar) for dei som bur langt unna, eller av andre årsaker ynskjer eit slikt tilbod. Spørsmål om dette rettast direkte til Setpro (tlf. 37 92 94 00 / www.setpro.no).
Spørsmål rundt feste av grav eller anna, kan rettast til kyrkjeverja i Valle og Hylestad.
Kyrkjegardsvedtekene for Valle og Hylestad sokn kan lesast her.