Jolenissen, strykartrio og gong rundt joletreet gjorde kvelden storarta.
Foto: Eirik Hodnemyr
Fleire på festen sa at dei aldri hadde vore på ein joletrefest med så høgt nivå på det musikalske som denne. Isabel Eriksson, som arbeider som ungdomsarbeider i Valle kommune, song jolesongar for oss, saman med organisten vår Eirik Hodnemyr og ein strykartrio beståande av kulturskulelærarane Anna Slaby Driel og Maija Lindaas, og sistnemnde si mor, Alison Wallace heilt frå Minnesota, USA.
Sissa Ringstad leia det heile med stødig hand, og kunne presentere den nye kyrkjeverja i Valle og Hylestad sokn, Ingunn Nordmo Sagland. Me gler oss til å verte meir kjend med henne.
Jolenissen toppa det heile med sin entré mot slutten av festen, og hadde gåver til alle borna.